| |
Tango
Utrag fra Dag og Tid nr. 13, 28.
mars 1996
Herbjørn
Sørebø: Nå skal det vere
tango
Det
går ei tango-bølgje over dei europeiske landa nå. Alle
skal lære seg å danse denne argentinske dansen som går i
2/4, 4/8 eller 4/4 takt, "det syndigaste av all dans",
som ei vestlandsk kristensjel skreiv i eit bygdeblad den
gongen det var ordskifte om kva slag dans dei frilynde
ungdomslaga skulle tillate. Når mann og kvinne heldt
kvarandre så tett så lenge i dei eggjande og sugande
rytmane, så var det i seg sjølv usømmeleg, meinte denne
mannen. Han tykte det var betre at dei unge hoppa og
spratt på dansegolvet og sprang kåtskapen av seg på den
måten. Men det var fåfengt å setje forbod mot tangoen i
ungdomslaga. Det vart spela tango på astmatiske
trekkspel, pusta og pesa og sveitta kinn mot kinn, barm
mot barm og hofte mot hofte. Argentinsk tango var det
vel ikkje dei unge dansa, men ein nordisk variant, ei
blanding av tango og foxtrot, skapt for den svimrande
kjærleiken og den svartaste svartsjuke.
Det er
to land tangoen har eit spesielt sterkt tak på,
Argentina og Finland. I Argentina, heimlandet til denne
dansen, er teksten ofte vel så viktig som melodien. Det
er ein bodskap i tekst og tone som skal fram til dei som
dansar eller berre høyrer på. I krigstid og opprørske
tider har makthavarane sytt for å få sendt tangoar med
karakter av folkesongar på ein radiokanal døgnet rundt.
Evert Taube gjekk inn i den argentinske tradisjonen med
visa om Carmencita som han ville danse tango med. Men
det er litt gåtefull korfor tangoen har fått ein så
sterk tradisjon i Finland.
Europa tok til å
danse tango først ikring 1910, og denne dansen vann seg
fort land, men ingen stad i vår del av verda blir det
dansa så mykje tango som i Finland. På
danserestaurantane Ð som finnane har så mange av Ð kan
ein oppleve at bort imot annankvar dans er ein tango, og
det er paradenummer for smørsongarane. I Helsingfors har
fleire restaurantar fullsett til dans om ettermiddagen
kvar dag så lang veka er, og så fort ein tangomelodi
fyller lokalet med eggjande rytmar, kan ein sjå kor det
svartnar i augo på karane der dei kårar seg ei kvinne
over vodkaglaset og går med brusande blod over golvet.
Men er det damene som får by opp og vel seg ein annan
enn han som har kåra henne, så kan ein nok høyre sagt
med finsk tyngd: Ð Perrkele! Og mange har gått frå eit
danselokale med eit perrkele på leppene og ein blodraud
tangomelodi i sitt indre øyre.
Heller ikkje
finnane dansar argentinsk tango til vanleg. Også dei
held seg til den nordiske varianten, blandinga av
foxtrot og tango, enklare i utføringa, men like kravstor
i innlevinga. På våre breiddegradar ser vi den
argentinske tangoen mest berre i tevlingar. Men korfor
har tangoen fått eit så sterkt tak på finnane? Har det
noko med historie å gjere, med folkekarakter og lynne?
Men det er ein danske som har skrive ein av dei
mest kjende tangoane i verda. "Tango jalousie" av Jacob
Gade er å høyre på ein radiokanal ein eller annan stad i
verda kvar dag året rundt. Komponisten var stolt av, men
etter kvart også lei av å høyre denne melodien overalt.
"Tango jalousie" er klassisk tidlaus og spela inn på
plate av dei fremste musikarane i verda. Den mest kjende
tangoen er nok likevel "La Paloma", skriven av Sebastien
de Iradier for 130 år sidan. Det skal finnast over 2.000
versjonar på plate, og eit plateselskap har planlagt å
lage ein cd med alle dei versjonane som er å få tak i.
"Tango for to" av Alf Prøysen og Bjarne Amdahl vart ein
stor norsk suksess, skriven på spøk, men tango er ingen
spøk.
Gjennom 130 år har "La Paloma" vore med i
så mange ein hjartestorm og har jamvel på ein dramatisk
måte fått plass i ei kongesåge. Då erkehertug av
Austerrike og keisar av Mexico, Ferdinand Maximilian,
vart førd til rettarstaden, ville han berre høyre "La
Paloma", heiter det seg. Han ville ha ein vakker død.

|